Statistikk over arbeidsskadedødsfall

Arbeidstilsynet registrerer arbeidsskadedødsfall i det landbaserte arbeidslivet i Noreg. Her finn du statistikk om arbeidsskadedødsfall registrert for dei siste fem åra.

Statistikkpresentasjonen over viser eit utdrag av statistikken over arbeidsskadedødsfall. Bruk sidevelgaren nedst i vindauget for utfyllande statistikk. Vi anbefaler å vise statistikken i fullskjermvising.

Hald musepeikaren over grafane for utfyllande informasjon. I grafen «Statsborgarskap» er land med færre enn tre arbeidsskadedødsfall for femårsperioden, omfatta av kategorien «Andre land».

Nyheitssaker om arbeidsskadedødsfall

Kvart år lagar vi ei nyheitssak som oppsummerer hovudtrekka ved arbeidsskadedødsfalla det siste året og utviklinga over tid. Siste nyheitssak om arbeidsskadedødsfall er frå 2023. Oversikta over tidlegare nyheitssaker finn du under.

Definisjon av arbeidsskadedødsfall 

Arbeidsskadedødsfall er eit dødsfall som skyldast ei arbeidsulykke, der den som er skadd, døyr innan eitt år etter ulykka. I dei fleste tilfella døyr vedkommande direkte i ulykka, men det førekjem også at dødsfallet inntreff seinare, men som følge av skadane frå ulykka.

Ei arbeidsulykke er definert som ei plutseleg eller uventa ytre påkjenning eller belastning som nokon har blitt utsett for i arbeidet (folketrygdlova § 13-3 (lovdata.no)).

Arbeidsskadedødsfall som følger av valdelege handlingar, er også ein del av statistikken.

Arbeidsgivar har varslings- og meldeplikt for ulykker

Arbeidsgivar har varslings- og meldeplikt til Arbeidstilsynet. Plikta inneber at dersom ein arbeidstakar omkjem eller blir alvorleg skadd i ei arbeidsulykke, skal arbeidsgivar straks og på hurtigaste måte varsle Arbeidstilsynet og politiet.

Arbeidsgivar skal bekrefte varselet skriftleg. Slik skal arbeidsgivar gå fram for å varsle ulykker.

Kravet gjeld også for enkeltpersonføretak i jord- og skogbruk, og omfattar familiemedlemmar som blir skadde under arbeid som er knytt til arbeid i jord- og skogbruk.

 Varslings- og meldeplikta er beskriven i arbeidsmiljølova § 5-2.

Forvaltningsområde og avgrensingar

Arbeidstilsynet fører statistikk over arbeidsskadedødsfall som skjer i forvaltningsområdet vårt og som er avgrensa til det landbaserte arbeidslivet i Noreg.

Arbeidsskadedødsfall i forbindelse med petroleumsverksemd, sjøfart, fiske og luftfart inngår ikkje i Arbeidstilsynet sitt register, fordi desse ulykkene skal meldast til andre tilsynsmyndigheiter.

Arbeidsskadedødsfall i militære yrker inngår, med unntak av skadar eller dødsfall i krigssituasjonar.

Utanlandske tilsette i føretak som ikkje har verksemd på norsk landterritorium, skal registrerast i det landet arbeidstakaren har arbeidsforholdet sitt. Eksempel på slike tilsette er ein utanlandsk seljar på reise i Noreg eller ein utanlandsk trailersjåfør på gjennomreise. Norske arbeidstakarar som er utstasjonerte eller på tenestereise i utlandet, skal bli registrerte i Arbeidstilsynet sitt register.

Feilkilder og usikkerheit

Arbeidstilsynet erfarer at det er ei viss underrapportering av arbeidsskadedødsfall. Dette gjeld spesielt dødsfall i trafikken og innan landbruk. Arbeidsskadedødsfall som ikkje blir meldt til Arbeidstilsynet, blir ofte fanga opp gjennom media eller andre kanalar, og inngår i stor grad i Arbeidstilsynet sitt register over arbeidsskadedødsfall.

Merk at denne statistikken reflekterer kunnskapen vår om ulykkene i notida. Vi oppdaterer statistikken dersom vi får ny informasjon som påverkar han. Dette kan for eksempel skje ved ettermelding av arbeidsskadedødsfall.