Sjuk i ferien?

Publisert 02.07.2024 - Lesetid: 2 min

Sommarferien er eit etterlengta avbrekk for mange. Kva skjer om du er så uheldig å bli sjuk under ferien? 

Bilde viser en hotelldør som er åpen i fokus, i bakgrunnen ligger en mann utslått på ei seng med kofferten sin på gulvet.

SKAL DOKUMENTERAST: Viss ein arbeidstakar ønsker å utsette ferien på grunn av sjukdom, må arbeidsuføret dokumenterast med ei legeerklæring. FOTO: Colourbox.

– Kvar sommar får vi mange spørsmål frå arbeidstakarar som hadde gledd seg til ferie, men som har fått ferieplanane øydelagt av sjukdom. Dei fleste lurer på om dei kan ta igjen den spolerte ferieperioden på eit seinare tidspunkt, seier Vigleik M. Aas som er seksjonsleiar for svartenesta i Arbeidstilsynet.

Kan utsettast med legeerklæring

Ferie er regulert i ferielova, men tariffavtalar kan også ha bestemmingar om ferie. Dette er hovudreglane:

Viss du som arbeidstakar blir sjuk i ferien:

  • Viss du blir sjukmeld i løpet av ferien, kan du få feriedagane utsett allereie frå og med første dag du blei sjuk, inkludert laurdag.
  • Du må dokumentere sjukdommen med legeerklæring/sjukmelding og snakke med arbeidsgivar så raskt som mogleg.
  • For å ha rett til ny ferie må du ha vore heilt (100 prosent) sjukmeld.

Viss du som arbeidstakar blir heilt arbeidsufør før ferien:

  • Du kan få utsett ferien til seinare i året.
  • Du må dokumentere sjukdommen med legeerklæring/sjukmelding og snakke med arbeidsgivar så snart som mogleg, seinast siste arbeidsdag før ferien.

Vigleik M. Aas presiserer at retten til å utsette ferien gjeld ved eigen sjukdom. 

– Ferielova gir berre rett til å utsette feriedagar når det er arbeidstakaren sjølv som blir 100 % sjukmeld. Arbeidstakaren har ikkje rett til å krevje utsett ferie på grunn av sjukt barn, seier Aas.

Les meir om retten og plikta arbeidstakarar har til ferie

Vurder behov

Det er naturlegvis greitt å halde fram med å avvikle ferie sjølv om du pådrar deg ein skade som normalt ville gjort at du ikkje kunne arbeide. 

– Ein brekt finger eller eit betent handledd kan gjere deg heilt arbeidsufør i mange yrke. Men det kan godt hende at ferien du har planlagt, lèt seg gjennomføre likevel, seier Vigleik M. Aas i Arbeidstilsynet.

– Tilsvarande gjeld andre vegen. Ein brekt ankel medfører ikkje nødvendigvis at du blir arbeidsufør dersom du har ein kontorjobb. Men den planlagde fjellturen du skulle på, lèt seg kanskje ikkje gjennomføre med gips på foten. Desse tinga må du snakke med legen din om, slik at de saman kan vurdere arbeidsuførleiken rett, seier Aas.

Fekk du ikkje svar på det du lurte på? Då kan du ta kontakt med svartenesta til Arbeidstilsynet.

Skrevet av pressekontakt