Ofte stilte spørsmål om feriepengar

Publisert 23.05.2024 - Lesetid: 2 min

For mange blir lønna i juni erstatta av oppsparte feriepengar. Her er nokre spørsmål om feriepengar som vi i Arbeidstilsynet får ofte.

Kvinne på strand sitter utenfor et telt og leser i en bok. En hund ligger ved siden av henne på sanden.

OPPTENTE MIDLAR: Kor mykje får eg eigentleg i feriepengar? Og påverkar sjukmelding retten til feriepengar? FOTO: Colourbox.

Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du lese om feriepengar på nettsida vår eller kontakte Arbeidstilsynets svarteneste

Spørsmål og svar om feriepenger

Etter ferielova skal feriepengane utbetalast siste vanlege lønningsdag før ferien viss ikkje anna er avtalt. Viss ferien din er delt opp i fleire periodar eller dagar, skal feriepengane delast tilsvarande.

Veldig mange verksemder har avtale om at feriepengane blir utbetalte i ein bestemd månad, ofte i juni.

Feriepengar blir berekna på grunnlag av arbeidsvederlag som er utbetalt i oppteningsåret, det vil seie året før ferien blir avvikla. På lønns- og trekkoppgåva frå i fjor skal feriepengegrunnlaget komme fram.

Feriepengane skal utgjere minst 10,2% av feriepengegrunnlaget.  I verksemder med tariffavtale, kan prosentsatsen vere høgare. For arbeidstakarar som er over 60 år, skal prosentsatsen vere 2,3% høgare enn den vanlege satsen.

Ja, det stemmer. Ferie er ulønt fritid. Det er feriepengane som blei opptente i fjor, som skal dekkje lønna di mens du avviklar ferien.

I dette tilfellet er det feriepengane du opptente hos den tidlegare arbeidsgivaren, som dekker lønna mens du tar ferie dette året. Desse pengane fekk du anten utbetalt når du slutta hos den førre arbeidsgivaren, eller så vil du få dei frå førre arbeidsgivar no i juni.

Dersom du ikkje var i jobb i fjor, har du uansett rett til å ta ferie, men altså ikkje rett til feriepengar.

Arbeidsgivar skal betale sjukepengar dei 16 første dagane ved ei sjukmelding. Det skal bereknast feriepengar også for denne perioden. Etter arbeidsgivarperioden betaler folketrygda feriepengar for inntil 48 sjukmeldingsdagar kvart oppteningsår.

I dei tilfella der arbeidsgivar forskoterer lønn ved sjukmelding, vil  konkrete avtalar eller tariffavtalar avgjere om det skal betalast feriepengar som normalt.

Nei, ferielova opnar for at arbeidstakarar kan seie frå seg retten til feriefritid dersom feriepengane ikkje dekker lønnsbortfallet under ferien. Dette er eit val du har, og ikkje noko arbeidsgivar kan krevje.

 Viss du ikkje har full opptening av feriepengar året før, så får du to alternativ:

  • Ta full ferie likevel. Tek du full ferie, vil du bli trekt i lønn for full ferie. Du vil då oppleve at feriepengane opptent året før, ikkje kompenserer det du blir trekt i lønn.
  • Berre ta den delen av ferien som blir dekt av feriepengane du tente opp året før. Resten av ferien kan du motsette deg å ta.

Nei. Feriepengar er ikkje ei spareordning eller ei ekstrabetaling frå arbeidsgivar som du får i tillegg til lønn. Det er heller ikkje noko arbeidsgivar trekkjer frå lønna di. Det er eit beløp som arbeidsgivaren set til side året før for å erstatte manglande lønn når du tek ferie. Formålet med feriepengeordninga er derfor at arbeidstakar skal sikrast økonomisk moglegheit for feriefritid. 

Feriepengar kan utbetalast i direkte samband med ferieavvikling eller når du avsluttar eit arbeidsforhold. Viss du sluttar i ein jobb, må du ta vare på feriepengane som blei utbetalt av den tidlegare arbeidsgivaren, for å ha pengar under ferien neste år. Desse pengane skal  kompensere for manglande lønn mens du tek ferie hos ny arbeidsgivar.

Skrevet av pressekontakt