Permisjon for å gi pleie og omsorg til nærståande

Du kan ha rett til permisjon for å pleie nærståande i sluttfasen av livet og gi nødvendig omsorg til nære familiemedlem.

Permisjon for å pleie nærståande i heimen i sluttfasen av livet

Dersom du pleier ein nærståande som er i sluttfasen av livet, har du rett til permisjon i inntil 60 dagar.

For å ha rett til permisjon, må pleia og omsorga skje i heimen.

Lova gir ikkje denne retten til arbeidstakarar som ønsker å vere saman med nærståande som oppheld seg på sjukehus, institusjon eller liknande i sluttfasen av livet.

Retten til permisjon gir ikkje rett til fri med lønn. Det er Nav som svarar på spørsmål om pleiepengar om du er borte frå jobb for å pleie nærståande i sluttfasen av livet (nav.no).

Permisjon for å gi nødvendig omsorg til familiemedlem

Dersom du gir nødvendig omsorg til nære familiemedlem, har du rett til permisjon i inntil 10 dagar kvart kalenderår.

Merk at omsorga må være "nødvendig", det vil seie at personen som treng omsorg, ikkje kan klare seg sjølv i den aktuelle situasjonen. Vurderinga av kva som er nødvendig, må gjerast i kvart enkelt tilfelle.

Som nære familiemedlem reknast

  • foreldre (inkludert steforeldre og fosterforeldre)
  • ektefelle
  • sambuar
  • registrert partnar

Du kan også ha rett til permisjon for å gi nødvendig omsorg til barn over 18 år som er kronisk sjuke eller som har ei funksjonshemming. Dette gjeld berre dersom du har hatt rett til meir permisjon ved kronisk eller langvarig sjukdom før barnet blei 18 år.

Retten gjeld frå kalenderåret etter at barnet fylte 18 år.

Retten til permisjon er avgrensa til 10 dagar per kalenderår, uavhengig av kor mange familiemedlem du har omsorg for.

Arbeidsgivar kan krevje dokumentasjon på fråværsbehovet

Arbeidsgivar kan krevje at arbeidstakaren bekreftar behovet for fråvær:

  • Ved kortare fråvær er det oftast nok at du informerer og gjer greie for behovet munnleg.
  • Ved lengre fråvær kan arbeidsgivar krevje ei meir omfattande utgreiing og eventuell dokumentasjon som bekreftar omsorgsbehovet, for eksempel frå legen.

Retten til permisjon gir ikkje rett til fri med lønn

Arbeidsmiljølova gir ikkje rett til fri med lønn. 

Du kan likevel ha rett til fri med lønn dersom du fell inn under ein tariffavtale eller ein annan avtale som gir slik rett.

Det er Nav som svarar på spørsmål om eventuell rett til pengestøtte etter folketrygdlova dersom du tar vare på nærståande over 18 år (nav.no).

Er du arbeidsgivar?

Som arbeidsgivar må du kjenne til at arbeidstakarar kan ha rett på lovleg fråvær frå jobb ifølge arbeidsmiljølova dersom dei har omsorg for

  • eit familiemedlem som er i sluttfasen av livet og bur heime
  • nære familiemedlem som ikkje kan klare seg sjølve
  • barn over 18 år som har funksjonshemming eller er kronisk sjuke