Kunstig intelligens: Kunnskap og erfaring frå norsk arbeidsliv

Vil du lære meir om korleis du kan ta i bruk kunstig intelligens – og fortsett bygge eit godt arbeidsmiljø? Da bør du melde deg på dette nasjonale KI-seminaret. 

Når: torsdag 24. oktober 2024, 10:00 - 15:00

Hvor: Trondheim, Prinsens gate 1

Påmeldingsfrist: mandag 21. oktober 2024, 12:00

Seminaret er eit hybridarrangement. Du kan velje å delta digitalt, meld deg på her.   

Innhald

I seminaret får du   

  • kjennskap til KI sin påverknad på organisering og utføring av arbeid 
  • læra meir om kor viktig det er å risikovurdera og sikra ein god informativ og medverkande prosess i verksemda i forkant, undervegs og i etterkant av implementering av KI
  • kjennskap til dei viktigaste arbeidsmiljøkonsekvensane ved bruk av KI, moglegheiter, fordelar og ulemper ved bruk av KI i arbeidslivet
  • høyra eksempel på korleis KI er teken i bruk i norske verksemder 

Det vil vera eit særleg søkjelys på korleis KI påverkar arbeidsmiljø og tryggleik, samt arbeidstakarar si medverking ved bruk av KI. 

Program 

09.30: Dørene opnar, kaffe og frukt

10.00: Velkommen ved Elin Hjelmen Solvang frå Arbeidstilsynet

10.10:  Om EU-OSHA og digitaliseringskampanjen, ved Astrid Lund Ramstad, Arbeidstilsynet og kontaktperson i Norge for EU-OSHA

10.20: Helsing frå Tonje Brenna, Arbeids- og inkluderingsminister

10.30: Korleis gjekk det da NTNU skulle bli Copilot ready? Heine Skipenes, NTNU

11.00: KI og personvern på arbeidsplassen, Jeanette Dyrkorn frå Datatilsynet

11.30: Lunsj

12.10: KI og maskinforordningen - nytt regelverk og dets betydning for norske verksemder, Liv-Stephanie Hauge Bantle frå Arbeidstilsynet

12.45: Barrierer og mogelegheiter i kommunal sektors arbeid med kunstig intelligens, Jens-Petter Berget, Kommunesektorens organisasjon

13.10: Bruk av KI i norsk næringsliv, Sondre Jahr Nygaard, Næringslivets hovedorganisasjon

13.40: Pause

13.55: Arbeidstakars medverking ved bruk av KI, Christian Danielsen frå Fagforbundet

14:25: Korleis endrar KI framtidens kompetansebehov? Harald Wesenberg, Equinor, Akademikerne

14.50:  Avslutning og vel heim

Målgruppe 

Seminaret er retta mot alle bransjar, arbeidsgivarar (leiarar, mellomleiarar) HR og andre støttefunksjonar mot leiing/verksemdsstyring, verneombod, medlemmer av arbeidsmiljøutval, tillitsvalde, bedriftshelsetenesta, bransjeorganisasjonar, m.fl.

Praktisk informasjon 

Seminaret er eit hybridarrangement. Vi har 80 plassar for fysisk deltaking, og uavgrensa tal for digital deltaking. Her kan du melda deg på strømming av arrangementet.

Deltaking på seminaret er gratis, men du må melda deg på for å delta. Påmelding er bindande for deg som deltek fysisk. 

Har du meldt deg på, men er hindra frå å delta? Då vil vi at du melder deg av for å frigi plassen din til nokon andre. Bruk lenke i påmeldingsstadfestinga for å melda deg av.

Seminaret er ein del av EU-OSHAs arbeidsmiljøkampanje «Godt og trygt arbeidsmiljø i et digitalt arbeidsliv» i samarbeid med partane i norsk arbeidsliv og Statens arbeidsmiljøinstitutt. Målet er å øke bevisstheita om korleis digitalisering påverkar arbeidslivet.  

Er du interessert i korleis digitalisering påverkar arbeidslivet generelt, sjå kampanjemateriellet frå EU-OSHA. 

Velkomen!